Roger Andrè Fylling - ny rektor ved Ørsta vidaregåande skule

(05.07.11) Roger Andre Fylling (44) er tilsett i og har takka ja til stilling som rektor ved Ørsta vidaregåande skule.

“Å bli rektor ved Ørsta vidaregåande skule er ei oppgåve eg er både stolt og audmjuk over,” seier Fylling. “Skulen har særs lange og stolte tradisjonar som yrkesskule å ivareta. Gjennom tidligare å ha arbeidd på skulen i over fire år, opplever eg å ha fått god innsikt i, og stor respekt for den fantastiske jobben dei tilsette og elevane gjer ved skulen. Eg ynskjer å bidra til å styrke Ørsta vidaregåande skule i merkevarebygginga til eit sentrum i utdanninga av dei unge i regionen Søre Sunnmøre. At skulen skal bli ein naturlig samtalepartnar opp mot eit spennande næringsliv i regionen, er ei av fleire sentrale utfordringar eg ser fram imot å ta tak i. Dette vert både utfordrande og spennande,” seier Roger A. Fylling.

Fylling har utdanning frå hotell og restaurantbransjen, har pedagogisk utdanning og han har omfattande vidareutdanning innan leiing og juridiske og økonomiske fag.

Roger Andre Fylling arbeidde nokre år i internasjonale hotellkjeder, før han gikk over i driftssjefstilling knytt til facilitymangangement for Sveriges Regjeringskansli Rosenbad og fleire andre driftsenheter i Stockholmsområdet. Frå 2002 har han vore tilsett i utdanningssektoren i Møre og Romsdal fylkeskommune, først i undervisningsstilling ved Rauma videregående skole, seinare ved Ørsta vidaregåande skule der han og hadde funksjon som teamleiar. Det siste halve året har han vore tilsett som rådgivar ved utdanningsavdelinga.

Fylling vil starte opp i stilling ved Ørsta vidaregåande skule i august.

Gå ti rektor si side.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

ØRSTA VIDAREGÅANDE SKULE
Holmegata 14
6150 Ørsta
Tlf: 70047400
Fax: 70047499
E-post: Post til skolen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      




Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Ørsta vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.