NY REKTOR VED ØRSTA VIDAREGÅANDE SKULE

Yngve Omenås (53) er tilsett som rektor ved Ørsta vidaregåande skule frå 01.01.2010

Ørsta vidaregåande skule har eit sterkt fagmiljø og er godt i gang med å implementere Kunnskapsløftet. Skulen er samtidig inne i ein periode med spanande organisatoriske omstillingar. Som ny rektor vonar eg å bidra til å behandle og utvikle vidare den sterke faglege tradisjonen skulen har, samtidig som eg vonar at endringsprosessane bidrar til at skulen utviklar seg vidare til å bli ein omstillingsdyktig og viktig samarbeidspartnar for det lokale næringsliv og ein attraktiv skule for elevar og tilsette, seier Yngve Omenås.

Omenås har utdanning frå høgskulen i Molde, Statens lærarhøgskole for handels- og kontorfag, Bedriftsøkonomisk Institutt og Universitetet i Bergen.

Yngve Omenås har brei erfaring frå vidaregåande opplæring, både gjennom mange år i undervisningsstiling, stilling som fagopplæringskonsulent og dei siste fem åra i stilling som rektor ved Ørskog vidaregåande skule. Han har i tillegg leiarerfaring frå Ekornes ASA og Fiskerstrand Verft AS.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

ØRSTA VIDAREGÅANDE SKULE
Holmegata 14
6150 Ørsta
Tlf: 70047400
Fax: 70047499
E-post: Post til skolen
juli 2010
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31






Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Ørsta vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.