Lån / stipend frå Lånekassen
Publisert 12. oktober 2009 15:13:09 av Linda Hjelm
Det ligg ein del brev frå lånekassa i ekspedisjonen. Vi bed dei som har venta lenge på desse om å sjekke listene som heng på tavla. Dette er verdibrev som etter ei tid går ut på dato. Dei vert då makulerte av oss, og du må søke Lånekassen på nytt for å få stipend / lån. Utstyrsstipendet vert utbetalt av Lånekassen, og alle som søkjer får dette. Det er ikkje behovsprøvd.
For dei som har rett på PC-stipend, så vert dette utbetalt no næraste tid.