Publisert 22. februar 2011 13:13:33 av Linda Hjelm
1.mai 2011 reiser dei første elevane frå Ørsta vidaregåande skule til Spania på internasjonalisering.
1.mai 2011 reiser dei første elevane frå Ørsta vidaregåande skule til Spania på internasjonalisering. Vi har vore så heldige at vi har fått midlar frå Senter for internasjonalisering av høgre utdanning SIU til dette.
Dei som får reise i år er fire elevar frå byggteknikk, og to frå restaurant og matfag. Opphaldet vil vare i tre veker. I desse tre vekene skal elevane arbeide i spanske bedrifter.
Område dei skal vere i ligg i nærheit av Alicante. Byggteknikk skal vere på ein plass som heiter Alfaz del Pi, og RM skal vere i Torrevieja.