Publisert 31. mars 2011 12:52:01 av Linda Hjelm
Tysdag 29. mars skreiv Ørsta vgs under ein samarbeidsavtale med Ørsta og Volda kommunar som sikrar utplassering av framtidige helsefagarbeidarelevar i skuleperioden.
Samfunnet vårt står ovanfor krevjande omsorgsoppgåver dei neste tiåra. I åra framover vil talet på personar over 80 år auke vesentleg, tenestemottakarar under 67 år blir ein stadig større del av heimetenestene, og eldre med demenslidingar vil auke. Dette vil medføre auka etterspørsel etter pleie- og omsorgstenester. Med bakgrunn i dette er det behov for å ha ein tett dialog mellom utdanningsaktørar og tenesteytarar for å sikre rekruttering av personar med rett kompetanse tilpassa framtidige behov og tilrettelegging av etter- og vidareutdanning. Tysdag 29. mars vart denne samarbeidsavtala underskriven mellom Ørsta vgs, helse- og sosialfagavdelinga og Ørsta/Volda kommunar. Denne avtala er viktig både for skulen og for kommunane. Kommunane forpliktar seg i å ta i mot elevar på omvising, hospitering og utplassering. Vi på Ørsta vgs skal profilere utdanningstilbodet, gi informasjon og kurse rettleiarane.
Det er viktig med auka gjensidig innsikt mellom skulen og kommunane. Rekruttering og opplæring er i all hovudsak ei felles samfunnsoppgåve, og det er viktig at vi samarbeidar om denne viktige oppgåva det er å sikre ein framtidig kompetent yrkesgruppe. Dette gjeld både målt i kompetanse og i antal.
Vi skal i fellesskap lage aktivitetsplanar der tiltak, tidspunkt, gjennomføring og ansvar er spesifisert. Avtalen skal evaluerast og fornyast årleg.
Dette er ein viktig avtale for skulen og kommunane. Vi er gjensidig avhengig av kvarandre for å få nok helsefagarbeidarar i framtida.
Biletet er utlånt av Møre-Nytt.