Fjelldagen 24.08.2011

Tur til Skåla, Saudehornet og Vallahornet.

Spreke ungdomar på Ørsta vidaregåande skule - Stor oppslutning om fjelldagen

Ørsta vidaregåande skule starta skuleåret i år, som i fjor, med fjelldag den fyrste onsdagen etter skulestart. Fjelldagen vart gjennomført som ein fagdag i kroppsøving der elevane kan oppnå måloppnåing etter kor langt dei går. I tillegg er dette ein sosial tur, der både elevar og lærarar får høve til å verte kjende med kvarandre utanfor klasserommet.

I år som i fjor vart  dette ein stor suksess. Dei fleste elevane gjekk heilt frå skulen og opp Skålavegen, ein nokså lang tur i seg sjølv. For mange er dette ein prestasjon det står respekt av! I det flotte veret vi hadde på onsdag nådde heile 104 elevar toppen av Saudehornet.  Dette er over ein tredel av elevane. Kjempeflott!! Mange hadde sin første tur til toppen nokon gong. Fleire av desse hadde vore på Vallahornet i fjor, og tok no turen heilt til topps. I tillegg var  om lag 60 elevar på toppen av Vallahornet. Til saman vart det registrert 165 elevar på ein eller begge toppane, 60 fleire enn i fjor. 

I Skåla var det samling rundt bål med kaffikoking og grilling av pølser, og elevane på kokk og restaurant og matfag laga smaksprøver av mat tillaga i naturen, som vart delt ut til den som ville smake.

Vi som gjekk sist ned att var imponert over kor ryddig det var langs stien. Svært lite søppel låg att etter så mange!

Bilete frå turen finn du her.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

ØRSTA VIDAREGÅANDE SKULE
Holmegata 14
6150 Ørsta
Tlf: 70047400
Fax: 70047499
E-post: Post til skolen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      




Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Ørsta vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.