Publisert 19. mai 2011 11:10:20 av Linda Hjelm
Ein liten stemningsrapport frå 17-mai.
Hei!
Sender nokre bilder av 17.mai feiringa i Alfaz del pi, her var været godt ca 28-30 grader utpå dagen. Vi jobba fram til lunsj og åt middagen som vanleg, men etterpå hadde vi på oss finare kle og reiste opp i sentrum og såg på feiringa. Når det offisielle programmet var ferdig for eg heim og sola meg attmed bassenget. Utpå kvelden for eg Olav og Eivind til Albir og kjøpte oss is og såg på stranda. Bilda er fra 17.mai toget, feiringa og eitt bilde frå stranda i Albir. Værmeldingane framover veka er ikkje så bra for solhungrige normenn, men temperaturen er som ein sommardag heime. Fredag er det meldt mykje regn.
Helsing Odd Erik.