Studiespesialisering med formgjevingsfag er eit flott val for den som likar estetiske fag og som kanskje tenkjer på ei vidare utdanning innan industridesign, arkitektur, grafisk design og reklame, design for interaktive medier, kunsthistorie mm.
På Ørsta vidaregåande skule tilbyr vi studiespesialisering med formgjevingsfag på VG2 og VG3 nivå skuleåret 2010/2011. Eit treårig løp gir generell studiekompetanse.
Prinsippet om gratis læremiddel vart innført i 2009, og elevane får difor låne lærebøker på skulen. I tillegg til lærebøkene treng den enkelte elev ein del utstyr som er privat, og som ein beheld etter at skuleåret er slutt. Dei fleste har nok både penslar, linjalar, mapper og teikneblokker frå førre skuleår. Dersom ein manglar teikne- og maleutstyr mm. bør ein skaffe seg dette til skulestart. Det kan også vere at ulike emne krev noko estrautstyr om må kjøpast in i løpet av skuleåret. Eleven må betale sjølv, men kan søkje på og få utbetalt utstyrsstipend. Dette er noko alle får, og er ikkje behovsprøvd, men ein må søkje lånekassen.
Ørsta vidaregåande skule har ei avtale med KEMA AS, Ørsta Torg. Der får elevar 10% på alt utstyr ved kontant betaling eller betaling seinast 20 dagar etter ein har fått utstyret.
Link til Læreplan for studiespesialisering med formgjevingsfag VG2
Link til Læreplan for studiespesialisering med formgjevingsfag VG3
Link til Lånekassen