Produksjon: Programfaget handlar om yrkesrelevante og heilheitlege produksjonsessar i utvikling av enkle handverksprodukter og tenester. ein produksjonsprosess omfattar val og konkretisering av arbeidet som skal utførast, planlegging, produksjon, vurdering og læring av arbeid med design og handverk på grunnleggande nivå. Opplæringa inneheld bruk av digitalt verktøy i arbeid med handverksprodukt og tenester. Kreativitet er sentralt i utforming av design og val av arbeidsmåtar. Programfaget omfattar grunnleggande handverksutøvingar og handverksdesign i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
Programfaget inkluderer forholdet mellom form, farge, materialar, reiskapar, teknikkar og funksjon med tanke på marknad og kunden sin bruk og oppleving av handverksprodukt. Helse, miljø og sikkerheit knytt til det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet inngår.
Sjå bileter frå vårshow og andre elevarbeid i albuma.
Kvalitet og dokumentasjon: Programfaget omfattar kvalitetssikring og hensiktsmessig dokumentasjon og idèutvikling og val av produkt eller teneste. Vidare er kvalitetssikring og dokumentasjon av planlegging, produksjon og vurdering av eige arbeid sentralt. Kvalitetssikring omfattar vurdering og læring av eige og andre sitt arbeid. Dokumentasjon omfattar hensiktsmessig vusuell og verbal presentasjon av arbeidsprosessar, produkt og tenester. Presentasjon og dokumentasjon av eigen kompetanse inngår i programfaget og bruk av digitale verktøy.Programfaget handlar om forholdet mellom eigen produksjon, marknad og økonomi i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Etiske problemstillingar i handverksfag og forhold knytt til ein bærekraftig handverksproduksjon i yrka innan design og handverk inngår i opplæringa. Innovasjon, entreprenørskap og samarbeid er sentrale element i programfaget.
Prosjekt til fordjuping VG1 og VG2 yrkesfag: Prosjekt til fordjuping på VG1 skal gi elevane høve til å prøve ut enkelte eller fleire sider av aktuelle lærefag innan relevante utdanningsprogram. Dei vil få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan utdanningsprogramma. Dei skal fordjupe seg i kompetansemål frå læreplanane på VG3-nivå.
Tips til lenkjer:
Informasjon om yrka du kan velje etter VG1 Design og handverk
Design og handverk