VELKOMEN TIL ØRSTA VIDAREGÅANDE SKULE
Ørsta vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre med ca. 330 elevar fordelt på 6 studieretningar, og med ca. 80 tilsette. Vi er ein vidaregåande skule med lange tradisjonar med yrkesfagleg opplæring.
Ørsta er senter og bygdeby i Ørsta kommune på Søre Sunnmøre. Kommunen har meir enn 10 000 innbyggjarar, og er kjend m.a. som heimkommunen til nynorskens far; Ivar Aasen. Ørsta er elles kjend for eit aktivt musikkmiljø, og for vill og vakker natur.