Mangfald er det som kjenneteiknar Ørsta vidaregåande skule. Dette gjed både utdanningstilbodet, elevane og personalet. Vi utdannar ungdom i ei lang rekke lærefag.
Vi har elevar som arbeider mot ulike mål, og ikkje minst har vi elevar med ulik etnisk bakgrunn.
Vi har gode og engasjerte lærar som bidrar til at vi får godt læringsmiljø og gode elevresultat, og vi har eit godt og tett samarbeid med både lokalsamfunn og næringsliv slik at vi blir i stand til gi ei så god og oppdatert opplæring som mogleg.
Læring, trivsel, toleranse og respekt skal vere det som pregar alt arbeidet ved vår skule. Dette har vi alle ansvar for.
Ørsta vidaregåande skule er ein skule med rom og moglegheiter for alle, og som vi skal vere stolte over å vere ein del av.
rektor