Helsesøster kan gi:
Rettleiing i høve til spørsmål eller problem når det gjeld:
- samliv, seksualitet, prevensjon.
- Hugs: ingen spørsmål/ problem er for små!
- Helsesøster kan vere ein person å gå til dersom du har det vanskeleg, eller du går med tankar og kjensler det ikkje er lett å dele med andre.
Vi kan gje råd og eventuelt hjelp til kontakt med t.d. PPT, sosialkontor, fysioterapeut osb.
Helsesøster og lege har teieplikt.
Tilbodet gjeld alle ungdomar frå 16 år og oppover.
Tilbodet er gratis.