Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Yrkesfag

Ørsta vidaregåande skule tilbyr utdanningar innanfor:

  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Design og handverk
  • Elektrofag
  • Helse- og oppvekstfag
  • Restaurant- og matfag
  • Teknikk og industriell produksjon

Vi har som mål og kunne gi deg som elev ein solid læringsplattform der kunnskap og sosiale opplevingar står i fremste rekke. Skulen har tilsette med høg kunnskap og kompetanse, engasjerte elevar og eit godt nettverk innan lokalt næringsliv. Dette gir oss gode moglegheiter til å utvikle skulen i vår region, både som inkluderande yrkesfagskule og som ein lærestad som skapar trivsel. Saman skal vi utvikle og bygge vidare på eksisterande kunnskap og erfaring, og skape ein robust og berekraftig skule både for den enkelte eleven, også for nærmiljøet. Visjonen vår tek utgangspunkt i meistring gjennom aktivitet og utforsking, og vi har som mål å vere ein motiverande og læringsrik skule gjennom å legge til rette for engasjement og aktivitet for lærarane og elevane gjennom heile skuleåret.  

Kvifor er Ørsta vidaregåande skule ditt førsteval?

  • Variert tilbud innan yrkesfag som gir fleire moglegheiter vidare i livet
  • Ein skule som legg til rette for meistring
  • Inkluderande og tilretteleggande skule
  • Aktivitet og utforsking gjennom læring