Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fråvær

Fråvær

Frå 1. August 2016 kom det nye reglar om fråvær i vidaregåande skule. 

Dei nye reglane finn du meir informasjon om på Utdanningsdirektoratet sine sider. 

Lov om fråvær er nedfelt i forskrift til opplæringslova, eit supplement til lov om grunnskule og den vidaregåande opplæringa. 

§ 3-47.Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

a) helse og velferdsgrunnar

b) arbeid som tillitsvald

c) politisk arbeid

d) hjelpearbeid

e) lovpålagt oppmøte

f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.

Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) finn du på lovdata.no.

Vi anbefalar også å lese meir om fråværsreglement på fylket sine sider.